Turistbygda og det tidlegare administrasjonssenteret i gamle Vindafjord, er i ferd med å bli ribba for kommunalt nærvær. Finalen er at det tidlegare rådhuset blir lagt ut for sal.
Blir det eit spøkelseshus, blir det også eit minnesmerke over kommunesamanslåinga. Det var dette mange frykta.
Ein kan spørje kva som blir igjen av slagordet «levande bygder», meiner Anne Cecilie Berentsen, tidlegare Sp-politikar i gamle Vindafjord, og utvilsamt ein av dei mange som brenn for eit levande Vikedal.
No brenn ho aller mest for at helsestasjonane framleis skal vere i tre bygder, og ikkje bli flytta til Ølen.
Tømme Vikedal
Vikedal er i ferd med å bli skuggesida i Vindafjord. Både kommunale arbeidsplassar og tenester blir drenerte ut av bygda. I tillegg til at kommunehuset blir historie, er barnehagen i bygda blitt privatisert etter at kommunen kom på kant med ei nesten samstemt foreldregruppe. Snart kan det berre bli skulen og kyrkja igjen av offentleg engasjement i bygda.
To kommunale avdelingar skal flytte til rådhuset i Ølen. Helsestasjonen er nettopp vedtatt nedlagt. I papira som blir sende ut frå rådhuset i Ølen, blir det konkludert med at nye tiltak må til for å få ei betre legeteneste i Vindafjord. Og huset legekontoret er i, vil kommunen kvitte seg med. I Vikedal blir det tolka som neste steg i avviklingsprosessen: legekontoret skal vekk.
— Vikedal skal tømmast, sa rådmann Kristian Birkeland for eit par veker sidan, og tenkte på kommunehuset.
Legekontor neste?
— Det er heilt klart at vi fryktar at legekontoret kan bli nedlagt. Det kan seiast at det ikkje er så langt til Ølen, men det betyr mykje for dei eldre å ha legekontoret her i bygda. Fleire har sagt til meg at dei vil bli utrygge, seier Olav Eikeland.
Kommunepolitikaren er veteran i Senterpartiet, partiet som bestemmer mest i Vindafjord. Han meiner skeptikarane som hevda at alt vil bli samla i Ølen, kan få rett.
Han var på kollisjonskurs med partiet sitt i barnehagesaka, men han stemte for å flytte helsestasjonen frå bygda.
— Det er ikkje alt vi er samde om, og det er ikkje alltid ein når fram. I ettertid ser eg at ikkje alt var kome fram i spørsmålet om helsestasjonen, og det er grunn til å stille spørsmål om saka var nok førebudd, seier Eikeland.
Han meiner det har oppstått ein uheldig kollisjonskurs mellom politikarane og det folk i Vikedal ønskjer seg av utvikling.
Prosessen er starta som skal føre fram til at det tidlegare rådhuset i Vikedal blir selt. Eit av dei mest sentrale bygningane i sentrum. Foto: Jon Edvardsen
Skapar avstand
Anne Cecilie Berentsen var for kommunesamanslåinga og er for eit sterkt kommunesenter i Ølen, men ho er motstandar av at det skal skje på kostnad av bygdene. Også fordi ho meiner kommunesenteret er avhengig av livskraftige bygder.
— Målsettingane ein la til grunn for kommunesamanslåinga var at hovudadministrasjonen skulle liggje i Ølen, og at ein skulle bruke bygningane i dei andre bygdene. Sett frå Vikedal vil ein no samle alt i Ølen, og det var ikkje det vi stemte for, seier ho.
Ho vil ikkje bli oppfatta som ein tradisjonell bygdepatriot som er mot endringar, men ho meiner prosessane før det blir gjort vedtak, ikkje er gode nok.
— Først blir det fatta vedtak, og så finn ein ut i ettertid kva konsekvensar og investeringar det utløyser. Tenk om vi kunne bestemme kva for skulestruktur vi vil ha, og halde fred om det i staden for at spørsmålet dukkar opp igjen og igjen. Det skaper også reaksjonar og avstand når ein vedtar strukturendringar utan at det har fotfeste i det folk ønskjer.
Engasjere bygda
Olav Eikeland er skeptisk til kva som vil skje når kommunehuset blir tømt og lagt ut for sal.
— Vi har sett av erfaring at det ikkje er lett å få til noko i store bygningar som blir flytta ut av. Mo skule er eit døme på det. Det blir litt for lettvint å tru det vil løyse seg på ein enkel måte ved at nokon kjøper bygget. Det er jo eit dårleg signal at kommunen trekkjer seg ut, meiner han.
Berentsen håpar kommunen vil samarbeide med Vikedal utvikling og gi huset til bygda, slik at helsetenestene har ein stad å vere, og at bygda kan bli ein medspelar til å skape ny aktivitet i bygningen.
Meieriet i Vikedal er eit anna døme på at det ikkje er gjort over natta å skape aktivitet i store bygningar.
Begge er samde om at nedlegging av kommunale arbeidsplassar over tid slår ut i færre potensielle tilflyttarar til bygda.