Klokka 19.20 i kveld kolliderte ein bil med ein moped ved Shell-stasjonen i Etne sentrum.
— Mopeden var på veg ut frå parkeringsplassen, medan bilen var på veg inn då kollisjonen skjedde, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Den 17 år gamle mopedføraren er frakta til sjukehus med lettare personskader. Bilføraren blei ikkje skadd i uhellet.