Det er utval drift, utvikling og kultur som har bestemt at kommunen sin næringspris skal gå til det store skipsverftet i Ølensvåg.
Grunngjevinga er at West Contractos AS har vore ei bedrift som har tilpassa seg utviklinga i næringslivet.
– Utviklinga har gått frå å vera ei skipsbedrift til å verta ei bedrift knytt til oljerelatert verksemd. Westcon er i dag såleis ei bedrift som arbeider målretta innanfor sitt felt, heiter det i vedtaket.