Ni fartssyndarar tatt i Skjold

Mellom klokka 20.00 og 22.00 hadde politiet fartskontrol i 80-sona på E134 ved Liaheia i […]

Mellom klokka 20.00 og 22.00 hadde politiet fartskontrol i 80-sona på E134 ved Liaheia i Skjold onsdag kveld.

Dei to UP-patruljane fekk nok å gjera: heile ni bilførarar fekk forenkla førelegg for stor fart. Høgaste hastighet blei målt til 111 kilometer i timen.
 
Mellom klokka 02.00 og 03.00 i natt hadde politiet trafikkkontroll i Etne. Åtte tyngre kjøretøy blei kontrollerte, men ingen av dei fekk merknad.