Omkom etter arbeidsulukke

Politiet fekk klokka 04.10 melding om ei arbeidsulukke på West Contractors i Ølensvåg. Ein mann […]

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk klokka 04.10 melding om ei arbeidsulukke på West Contractors i Ølensvåg.

Ein mann blei fastklemt mellom kran og båtdekk. Klokka 04.45 blei personen frigjort og det blei sett i gang gjennoppliving.

Klokka 05.20 blei den skadde erklært død.
— Det var ikkje vitne til sjølve ulukka. Arbeidstilsynet er varsla, og vil etterforska ulukka saman med politiet søndag, opplyser operasjonsentralen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Den omkomne er 29 år gammal frå Vindafjord.

Powered by Labrador CMS