Arbeidet med utviding av det trongaste partiet ved Ilsnes-svingane på riksveg 46 var varsla med oppstart måndag 16.november. Nå opplyser prosjektansvarleg i Statens vegvesen, Asbjørn Opedal at oppstarten blir utsett lengre ut i veke 47 .
— Me må nok venta nokre dagar ut i neste veke til me har arbeidsskilta på plass. Dessutan er det heller ikkje sikkert at arbeidet vil ta så lang tid som ein først trudde, seier Opedal.
Vegarbeidet var i utgangspunktet planlagt til å halda på fram til 31.mars, men vil truleg avsluttast tidlegare.
I mellomtida skal vegen stengjast for all trafikk mellom klokka 09.00 og 13.00, måndag til fredag i arbeidsperioden.
For å breia ut det trongaste partiet på ei strekning på om lag 120 meter ved Ilsnes-svingane, skal Entreprenørfirmaet A og B Andreassen Maskin AS sprengja bort deler ved svingane, mellom anna «Svarteberget».
Arbeidet ved Ilsnes kjem frå restane av løyvinga til gang- og sykkelvegen ved i Sandeid. Her trengst det også nye massar som vil koma frå utvidinga ved Ilsnes.