Svineinfluensa påvist i ettertid

Jon Edvardsen Mattilsynet offentleggjorde på tysdag tre nye tilfelle med svineinfluensa i grisebesetningar i Rogaland, […]

Jon Edvardsen

Mattilsynet offentleggjorde på tysdag tre nye tilfelle med svineinfluensa i grisebesetningar i Rogaland, og fylket har dermed 7 av landets 35 besetningar der viruset så langt er stadfesta.
Dei to tilfella i Klepp og det eine i Vindafjord, er påviste i blodprøver som vart tatt 30. september. Siktemålet med prøvene var ikkje svineinfluensa, men Veterinærinstituttet tok også prøver som påviste at grisene hadde antistoff mot viruset.

Det betyr at grisebesetningane har hatt svineinfluensaen på eit tidlegare tidspunkt sidan dei hadde bygt opp antistoff. Den første offisielle meldinga om svineinfluensa hos gris kom 10. oktober i Trøndelag.
— Dette tyder på at det har vore fleire tilfelle enn vi har vore klare. Det har samanheng med at viruset har gitt milde symptom. Det er heller ikkje uventa sidan sjukdommen ser ut til å smitte lett frå menneske til gris, og dei første tilfella blant menneske vart registrert før sommaren, seier regiondirektør Hallgeir Herikstad i Mattilsynet for Agder og Rogaland.
Han seier at eit viktig tiltak for å avgrense smitten, er at menneske med svineinfluensa ikkje er i kontakt med dyra.

Han opplyste i går at Mattilsynet var i ferd med å granske forløpet med besetningen i Vindafjord. Det er ein besetning som har smågrisproduksjon og slaktedyr, og som leverer smågris til andre besetningar.
— Det er ikkje usannsynleg at det er levert smågris til andre, men om andre er blitt smitta, veit vi ikkje. Difor veit eg ikkje om det blir aktuelt å ta prøver av andre besetningar, seier Hallgeir Herikstad.
I starten reagerte Mattilsynet med å slakte ned sjuke besetningar, men i dag blir restriksjonane oppheva når grisene har vore symptomfrie i sju dagar, også for dei som leverer smågris. I dag skal næringa og Mattilsynet møtast for å diskutere restriksjonane for dei som leverer avlsdyr.
— Det er eit klart mål å ikkje få influensaen inn i avl, og vi må drøfte korleis vi skal få det til og kva konsekvensane blir, seier Herikstad.