I løpet av natta har uvedkommande tagga på veggene til Vikedal Sæter i Vikedal.
«Norge for nordmenn» og «Nei til asylmottak» var skrive med opptil to meter store bokstavar på veggene til Vikedal sæter.
I følgje meldinga politiet fekk skal skrifta på veggen innehalda ytringar mot eit mogleg asylmottak ved Vikedal Sæter.
Politiet undersøker staden i løpet av føremiddagen.