Tilrår ja til Skakke-avtale

Kari Aakra Etne kommune gjekk i sommar inn for at Etne kulturhus BA skulle ha […]

Kari Aakra

Etne kommune gjekk i sommar inn for at Etne kulturhus BA skulle ha ein tilsvarande avtale om gjenkjøp med fylkeskommunen dersom fylket skulle trekkja seg ut frå Skakke i framtida. Dette sette ein stansar for Kulturhuset Ba si finansiering av sin Skakke-del, då gjeldsrisikoen ville blir for høg for BA-et dersom fylket skulle trekkja seg ut etter seks år.

Kulturhuset BA ba kommunen om å få fjerna ansvaret frå BA-et, og i saka som skal opp i formannskapet på tysdag, tilrår rådmann Elling Hetland at kommunen tar heile ansvaret for gjenkjøpsavtalen.
Gjenkjøpsavtalen med Hordaland fylkeskommune har også fått nye villkår. Mellom anna kan fylkeskommunen nå først trekkja seg ut av Skakke innan ti år, mot seks år som låg i den opphavelege avtalen. Avskrivingstida er også endra til 30 år frå 40.

— Skal me få dette til må kommunen inn, og eg har difor tilrådd eit ja til gjenkjøpsavtalen. Gjenkjøpsverdien etter ti år vil med dei prosjektkostnadane som er i dag vera 21 millionar kroner, seier Hetland.

Les meir i torsdagsutgåva av Grannar