To hytteinnbrot i Vindafjord

Politiet fekk i kveld melding frå to hytteeigarar i Vindafjord. Førstemann hadde hatt innbrot i […]

Politiet fekk i kveld melding frå to hytteeigarar i Vindafjord. Førstemann hadde hatt innbrot i hytta på Utbjoa. Det er uvisst kva tid innbrotet fann stad, då hytta ikkje har vore bebudd dei siste tre vekene.

Tjuvar hadde tatt med seg det meste; TV, møbler, kjøleskap, vasken på badet og toalettet. Politiet har sikra seg nokre spor frå åstaden, og er interesserte i opplysningar frå publikum.

Deretter melde ein hytteeigar på Dommersnes i Vikebygd i frå om innbrot. Også her er TV-apparatet borte, men elles er det uvisst kva som er tatt. Politiet skal gjera undersøkingar på staden.