Ungdomsgjeng må svara for seg

I lengre tid har ein gjeng ungdommar drive skaderverk og tjuveri ved Vikedaltunet burettslag. Ungdommane […]

I lengre tid har ein gjeng ungdommar drive skaderverk og tjuveri ved Vikedaltunet burettslag. Ungdommane kjem frå fleire nærliggjande bygder og er i 15 til 20-års alderen.

I tillegg til skadeverk ved burettslaget, skal dei også stå bak innbrot, tjuveri, og skal ha fjerna kumlokk. Lensmann Ingvar Gjærde seier at nå har folk fått nok.

  — Kvar for seg er desse skadeverka små ting, men summert opp blir det for mykje. Me har ei formeining om kven som står bak, og nå skal me kalla desse inn, ein etter ein for å ta ein prat med dei. Me har også gjort dette tidlegare, men det ser ikkje ut som det har hjelp. Nå må det bli slutt, seier Gjærde.

Han oppmodar også foreldre om kikka på mopedane til sine unge håpefulle, då det er mange av desse som køyrer ulovleg og med trimma mopedar.