Utfordring i terrenget

Jon Edvardsen Om ei veke er det ungane sin tur til å utfalde seg i […]

Jon Edvardsen

Om ei veke er det ungane sin tur til å utfalde seg i Vågen barnehage etter ein mellomstasjon i barnehage i Øvre Vats medan den nye vart bygt.
I alt fire mål med uteområde får ungane å boltre seg på, med leikeplassar på ulike høgdenivå i terrenget. Det er også ein liten skog inne på barnehagen sitt område. Det er neppe mange barnehagar som har eit så utfordrande terreng å bryne seg på.

Bryne seg
Det var kritiske røyster i forkant mot terrenget barnehagen er bygt i. Litt bratt er det, men det manglar ikkje på plass og forskjellige utfordingar.
— Det er mykje plass å boltre seg på, og eg tippar skogen blir like populær som leikeapparata. Organisert på den rette måten, blir det eit veldig bra område for ungane, meiner Solveig Hortman, prosjektleiar for barnehagen i Vindafjord kommune.
Også utbyggaren Barnebygg AS med lang erfaring i både å byggje og drive barnehagar, meiner det er ein styrke med variert og utfordrande terreng.
Styrar Sofie Haugland er også begeistra for leikeområdet, og fortel at ho har fått mange positive tilbakemeldingar.

To etasjar
— Vi har tilsette med over 20 år erfaring frå barnehage, og dei meiner terrenget er slik ungane vil ha det; dei søkjer mot bratte skråningar og utfordrande terreng. Her får vi alt frå tradisjonelle leikeapparat, sykkelområde, utfordrande skråingar til leik i skogen. Det er variert og gir inspirasjon og utfordringar, og er bra for motorisk utvikling, seier Haugland.
Her får ungane prøve alt som kroppen er laga for, meiner ho.
 Barnehagen er i to etasjar der dei minste skal ha base i første etasje og dei litt større i andre. Ved at barnehagen er bygt inn i terrenget, får begge etasjane inngang frå bakkeplanet. Innvendig er det både heis og trapp.
— I utgangspunktet er barnehagen delt inn i to, men ungane skal til ein viss grad vere i begge etasjane. Det er formingsrom i andre etasje og det skal alle bruke, forklarer styraren.

Utradisjonell

Både å byggje i to etasjar og ha ei såpass bratt tomt, er litt utradisjonelt i forhold til den standarden som har vore i mange år. Barnehagen er i tre avdelingar, og frå januar av blir det 44 barn i den nye barnehagen. Det betyr at det er litt ledig kapasitet dersom fleire søkjer seg inn.
Prislappen på 14,3 millionar kroner har stått seg gjennom byggjeprosessen. Barnehagen i Vågen vart utsett i fleire vender på grunn av strid om plasseringa, men etter at gravinga tok til, er den to veker etter skjema på grunn av leire i grunnen som måtte skiftast ut. Midt i striden omkrig plassering av barnehagen, vart det framstilt som ei usikker tomt å byggje på.
— Barnehagen står godt og trygt som berre det, forsikrar Solveig Hortman.
I løpet av planlegginga av barnehagen er meir av arealet delt opp til færre og mindre rom som passar godt til mindre grupper.
På måndag blir barnehagen overlevert frå Barnebygg AS til Vindafjord kommune, og etter hektisk flytting opnar barnehagen to dagar etterpå.