Vaksinerer for fullt

Ivar Teigland Vaksineringsfokuset ligg nå på dei yngste i kommunen. Desse er også dei mest […]

Ivar Teigland

Vaksineringsfokuset ligg nå på dei yngste i kommunen. Desse er også dei mest utsette for svineinfluensaen. På onsdag får derfor alle born til og med tolv år tilbod om svineinfluensavaksine, og så fortset det med born til og med 17 år neste måndag, og med at born og unge til og med 20 år kan få vaksinera seg neste onsdag.
— Me har hatt ei forsyning med 500 vaksinedosar nå, og får inn tusen nye denne veka. Etter det skal det komma ny leveranse kvar veke, opplyser fungerande kommune- og smittevernlege i Vindafjord, Michael Schou.
Så langt er nærmare 2.000 av dei litt over 8.000 innbyggjarane i kommunen vaksinerte, og Schou meiner dei ligg godt an.

Tenka praktisk
— Tidlegare var det større frustrasjon over manglande vaksineleveransar, men det er nå i ferd med å stabilisera seg, fortel smittevernlegen.
Det er likevel ikkje sett noko dato for den planlagde massevaksineringa. Leveransane med vaksine kjem på kort varsel, og då må ein snu seg rundt fort.
— Me må tenka praktisk om korleis me skal gjennomføra ei slik massevaksinering. Det er naturleg å legga det til ein laurdag eller søndag der me vaksinerer frå morgon til kveld, seier Schou.
Vaksineringa for born og unge blir gjort innanfor eit tidsrom på tre timar, og her blir det fort kø på grunn av at mange kjem med det same vaksineringsøkta startar.
— Me må laga eit system for å unngå at det blir slik ved massevaksineringa, kjem det frå smittevernlegen.

Ingen dramatikk
Så langt har det berre vore sporadiske tilfelle av personar som har testa positivt på svineinfluensa, og dei har alle vore blant born og unge. Schou trur at når ein nå blir ferdig med vaksineringa av den mest utsette aldersgruppa, vil smittespreiinga gå ned.
I Etne er det heller ingen dramatikk, og kommunelege Bengt Kallevik melder om same tendens med kun sporadiske tilfelle av påvist svineinfluensa.
Sist veke mottok Etne kommune 500 nye vaksinedosar, og også her er det dei yngste som skal få først. I løpet av denne veka skal vaksineringa av elevane i grunnskulen gjerast ferdig.
Kommunelegen håpar på ei ny forsyning med vaksine i neste veke, og trur at ein då i så fall kan få vaksinert alle i kommunen opp til fylte 30 år.
— Me veit ennå ingenting om kva tid neste forsyning kjem, men me vil legga vaksineringsstrategien opp etter tal på dosar og omfang, opplyser kommunelege Bengt Kallevik i Etne.