Ventar på geolog

Før oppryddingsarbeidet kan starte, må situasjonen vurderast av geolog. Ved middagstid fredag var enda ingen […]

Før oppryddingsarbeidet kan starte, må situasjonen vurderast av geolog. Ved middagstid fredag var enda ingen geolog kome inn i området, opplyser fungerande distriktssjef Lars Øyre.

– Vêret har skapt vanskar for oss når det gjeld å få geolog på plass, og før vedkomande har kome med ein rapport, kan vi ikkje starte oppryddingsarbeidet, seier Øyre. Difor er det heilt uråd for han å seie når vegen kan bli opna igjen.

Køyrety frå 7,5 tonn og oppover må nå køyre via E16 Filefjell, Rv. 7 Hardangervidda eller E18 Sørlandet.