Vêrglimt frå november

I ei stund nå har me fått eit glimt av vinter, og målestasjonen i Nedre […]

I ei stund nå har me fått eit glimt av vinter, og målestasjonen i Nedre Vats har gitt eit bevis på det. Men det er ikkje forventa snø i den nærmaste tida, tvert imot er det venta nedbør i form av regn.

November er på ein måte månaden med to årstider, eit samansurium av kulde, regn, blader og frost. Det er ikkje lett å vite om du burde ta paraplyen i dag, eller om det er lurast med boblejakke og vottar. Men, regn eller ikkje, november er ein månad der du får eit innblikk av haustens flotte fargar og ein smakebit på vinterens kvite teppe.

Me inviterer Grannar sine lesarar til å senda inn sine haust- og vinterglimt!

Send ditt bilde på MMS til 975 70 789 eller  på e-post til redaksjon@grannar.no