Aukar dusøren til 30.000

Mannen bak Vikedal sæter blei denne veka utsett for pøbel i form av sukker på […]

Mannen bak Vikedal sæter blei denne veka utsett for pøbel i form av sukker på bensintanken. Tidlegare blei husveggane på Vikedal sæter tagga med rasistiske bodskap. Etter dette lova Birkeland 10.000 kroner i dusør til dei som kunne bidra med informasjon il å finna folket bak.

— Nå aukar eg til 30.000 kroner, og er innstilt på å bruka mykje ressursar på å finna ut av dette, seier Birkeland til Grannar.

Han har tidlegare uttalt at hærverket var organisert, men heller nå til at det er lokale folk som står bak.

Tysdag sa han dette til Grannar: 
— Eg byrjar å kjenna meg som eit terrormål i Vindafjord kommune.  Eg har ikkje peiling på kven det kan vera, men det er ikkje gutestrekar. Eg er enno ikkje redd, men det byrjar å nå målet, seier Birkeland, som nok ein gong har meldt i frå til politiet.

Etter at Vikedal Sæter på nytt blei lufta som mogleg asylmottak, har Birkeland for andre gong fått kjenna på reaksjonar. Tidlegare i haust blei det tagga rasistiske bodskap på husveggene på Vikedal Sæter. Då bilen hans byrja å svikta på laurdag, blei det funne sukker på bensintanken. Han seier hærverket på bygningane hans og reparasjon av bilen har kosta han nærare 100.000 kroner. Nå lurer han på kva som vil bli det neste.

— Vindafjord er tydelegvis ikkje vaksen nok til å ta imot asylsøkjarar. Vindafjordingane må først læra seg folkeskikk, og så må dei læra seg å respektera at det bur andre folkeslag i kommunen.