Kari Aakra
Ny tømmekalender er på veg ut til husstandane i Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) sine medlemskommunar. Dei fleste skal per i dag ha motteke ny dunk; etter nyttår blir papircontainerar ved dei ubemanna miljøstasjonane i distriktet fjerna, og alt papir frå dei blå dunkane blir henta kvar fjerde veke, medan plasten skal samlast i eigen sekk.
— Eg trur nok dette blir godt mottatt, då det vil bli enklare for folk å ha behaldarane nærare heimane sine, seier informasjonsleiar i Haugaland Interkommunale Miljøverk, Magnus T. Hauge.
Plast og papir
Det vil bli ny frekvens på hentinga av avfallet i distriktet. Restavfall og matavfall vil bli henta annakvar veke, medan papir og plast blir plukka opp kvar fjerde veke. Tømme kalendrane som kjem i posten, vil ha markert henterutene, og Hauge minner folk på å ta godt vare på desse. Saman med tømmekalenderen vil det også koma ein sorteringsguide i posten. Med nye dunkar til papir og plast vil halvera restavfallsmengda. Plastemballasjen utgjer mellom 30-50 prosent av restavfallet.
— Målet med dette er å oppnå betre sortering og sikra lokalmiljøet mot forsøpling. Det har vist seg andre stader at med nye ordningar blir sorteringa betre. Erfaringa viser at fleire vel å sortera meir av bosset sitt ettersom det får fleire dunkar og nye ordningar. I Haugesund auka sorteringa frå 50 til 65 prosent etter dei nye papirdunkane kom, seier Hauge.
SMS-varsel
Nå opnar også HIM for at abonnentar kan få SMS-varsling to gonger i månaden når bossbilen nærmar seg. For to kroner meldinga, eller om lag 50 kroner i året, kan du bli varsla per mobil dagen før bilen er på veg. Ved forseinkingar i hentinga vil du få gratis melding om dette. Innbyggjarar i HIM-kommunar kan også kjøpa henting nærare bustaden sin, om dei ikkje kan trilla dunkane til ruta. Det nye tilbodet i 2010, opnar for henting inntil 25 meter frå køyreruta mot eitt gebyr på om lag 1.300 kroner.
— Dette er noko nytt i mange av våre kommunar. Tidlegare har dette vore ei ordning me berre har hatt i Haugesund, der det blei brukt ein god del, fortel Hauge.