Godt over 250 bilførarar blei kontrollerte langs E134 i Grannar-distriktet i romjula, og det var ingen merknadar på juletrafikkantane.
— Resultata frå alle kontrollane er svært bra. Vanlegvis pleier me treffa på nokon som ikkje har venta lenge nok med å setja seg bak rattet etter dei har drukke i jula, men i år er det altså ikkje blitt fanga opp nokon, seier ein nøgd lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindfjord lensmannskontor.
Klokka 10.45 fredag 25.desember, hadde politiet promillekontroll ved E134 i Ølen.
— Til saman 70 bilførarar blei kontrollerte, og alle var edru, melde operasjonsleiar Terje Tonning, ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
2.juledag hadde politipatruljen frå Vindafjord og Sauda promillekontroll ved E134 i Vindafjord. Til saman 152 bilførarar blei kontrollerte i tidsrommet frå klokka 16.55 til 20.40, men det var ingen utslag på nokon av testane.
Natt til 27.desember var kontrollørane på vegen igjen. Frå klokka 01.30 til klokka 02.50 blei femten bilførarar kontrollerte ved E134 på Knapphus, heller ikkje her var det nokre merknadar. Ny promillekontroll same natt, frå klokka 03.00 til 04.00 blei halden ved E134 i Ølen. Også her blei femten bilførarar kontrollerte, men ingen hadde promille.
I samband med den nye politiordninga og patruljeringa i distriktet vil det bli meir kontrollar til alle døgerets tider.
— Bilistar kann venta stadig fleire kontrollar ved vegane framover, seier Gjærde.