Politiet fekk søndag klokka 10.00 melding om ein kvit kassebil som hadde kjørt inn i ein bygning på kaien i Skånevik.
Samanstøyten førte til at fleire glasruter i bygget blei knust.
Bilen drog deretter frå staden utan å gi seg til kjenne. Den kvite kassebilen har sannsynlegvis større skadar på førarsida etter sammenstøyten med bygget, og politiet ønsker tips om saka.