Nye problem i Austmannalia

I samband med sikringsarbeida i fjellet ved Austmannalitunnelen, der steinblokker fall ned og knuste portalen […]

I samband med sikringsarbeida i fjellet ved Austmannalitunnelen, der steinblokker fall ned og knuste portalen 20. november, er det avdekka utglidingar av lause steinblokker. Dette krev meir omfattande sikring, noko som fører til at Statens vegvesen ikkje kan gi eksakt dato for opning av vegen, skriv etaten i ei pressemelding. Nye geologiske undersøkingar er gjort og det er klart at sikringsarbeidet krev bruk av spesialutstyr som mellom anna er fjernstyrt og kan bora lengre hol.

Ny boltekran er bestilt og skal vera på plass i løpet av laurdag 5. desember. for å utføra bolting/sikring. Denne kranen må løftast på plass oppe på portalen der det vert lagt ei «gruspute» før plassering. Grusputa skal sikre mot skader på portalen samt skape stabilt underlag for utstyret.

Måndag 7. desember skal nytt tidspunkt for opning kunne vera på plass.