Storetablering til Fjæra

Kari Aakra Dersom Marine Harvest får det som dei vil, kan det koma settefiskanlegg i […]

Kari Aakra

Dersom Marine Harvest får det som dei vil, kan det koma settefiskanlegg i Fjæra-grenda i Åkrafjorden. Etter det Grannar erfarer dreier det seg om 10-15 nye arbeidsplassar. Anlegget vil då bli ein større arbeidsplass enn det er innbyggjarar i grenda.
Folketalet i den vesle bygda har sakte, men sikkert gått nedover siste åra, og per i dag er det berre ni fastbuande att. Nå kan likevel den børsnoterte oppdrettskjempa Marine Harvest pusta liv i Fjæra-grenda, med eit stort settefiskanlegg. Førebels vil ikkje selskapet gå ut med særleg informasjon om planane, men det er truleg ikkje noko småtteri som kan koma til bygda.
— Marine Harvest har anlegg av denne typen i mange ulike storleikar, og det som er planlagt på Fjæra er ikkje av dei minste, fortel ansvarleg for prosjektet, Ørjan Tveiten til Grannar. 

Ein av seks
Per i dag har Marine Harvest tre settefiskanlegg i Hordaland, og Fjæra kan koma til å husa nummer fire. Som eitt av fleire nye anlegg oppdrettselskapet planlegg i Noreg, er Fjæra peika ut som aktuell lokalitet. Her er det snakk om eit anlegg på land like ved Fjæraelva. I konsesjonssøknaden for etableringa er anlegget i  Fjæra basert på ei produksjonsmengd på omlag 7,5 millionar smolt. Likevel understrekar Tveiten at dette ikkje naudsynleg vil koma med det første.
— Sjølv om det er dette produksjonsomfanget som ligg i søknaden, er det ikkje sagt at me vil byggja så stort med ein gong. Det kan vera aktuelt med eit første byggjetrinn, før me eventuelt utvidar på eit seinare tidspunkt, seier Tveiten, og legg til at lokaliteten kan ha eit endå større potensiale på sikt. 
Dei nye anleggsetableringane landet over blir større enn dei anlegga Marine Harvest har per i dag. Det blir arbeidd med fem til seks nye smoltanlegg i Noreg tilsvarande Fjæra. Kva anlegg som blir bygde er det enno ikkje tatt stilling til. Alle dei nye anlegga som er under planlegging vil ha ein produksjonskapasitet frå 7,5 til 12 millionar smolt.

Hundre millionar
Anlegget i Fjæra skal stå på land, og det er eit betydeleg areal som er tiltenkt verksemda. For eit anlegg av denne stoleiken vil det truleg vera bruk for om lag 15-20 mål. Kostnaden på eit slikt prosjekt vil liggja på godt over hundre millionar kroner.
— Tommelfingerregelen hjå oss er ein kostnad på 15-20 kroner per smolt, seier Tveiten.
Det er likevel berre småtteri for oppdrettskjempa. Marine Harvest omsette for nærare 3,7 milliardar kroner i tredje kvartal 2009.

Folkemøte
Arbeidet med konsesjonssøknaden er i gang, men prosessen fram til alle løyve og klarsignal er gitt, kan bli langdryg. Eit settefiskanlegg på Fjæra kan tidlegast bli realitet i 2011.
Det har vore dialog i nokre månadars tid mellom Marine Harvest, grunneigarar og ingeniørfirmaet Akvator AS om saka. Det var planlagt folkemøte i Fjæra om arbeidet allereie i desember, men grunna praktiske årsaker blei dette utsett. I byrjinga av januar vil representantar frå Marine Harvest, Akvator og Etne kommune stilla til folkemøte om det planlagde settefiskanlegget.
— Me ønskjer å informera om planane tidlegast mogleg, og vil starta opp med planarbeidet like etter folkemøtet, seier Karoline Eldøy i Akvator.