Fleire stader i Vindafjord er framleis utan straum. Det byrjar å stabilisera seg, men det er vanskelege forhold å arbeida under, seier John Harald Jakobsen i Haugaland Kraft.
— Mykje snø på linjene, tre som legg seg over og store vanskar med tilgjengelegheita fører til at me nok må venta ei stund utover dagen før me får ordna opp i feila. I verste fall kan me risikera at straumen ikkje kjem att før i morgon, seier Jakobsen til Grannar.
Haugaland Kraft jobbar nå for å ordna opp i feila i alle kommunane sine, deriblant Vindafjord, der følgjande området var søndag ettermiddag framlelis råka av straumbrot: Elleflåt
, Austrheim, Haugen
, Sørhus
, Solheim
, Langelandsvik
Langeland, Hatlestad
, Skjervheim, Stokka
, Stokkadal,
Haraldstveit, Nising, Vatnekvam,
Kvam
, Haraldseidvågen, Vågane
og Toraneset
Straumlaus natt
Skånevik Ølen Kraftlag arbeider på spreng for å stabilsera nettet, etter at Vikebygd, og deler i Ølen og Ølensvåg var utan straum i natt. Store snømengder førte til problem på linjene.
Tranformatorstasjonen på Heggen var heilt øydelagd og måtte skiftast. Difor blei straumen tatt i området frå Steinbru til Fikse for å ordna på dette, opplyser Skånevik Ølen Kraftlag. Det har difor vore eit «planlagt» straumbrot i Ølen i ettermiddag/kveld på omlag to timar.
Om lag 22.30 i går kveld forsvann straumen hjå SØK sine abonnementar i Vikebygd. Hovudtyngda av abonnentane fekk straumen tilbake i føremiddag i dag. Kristoffer Vannes i Skånevik Ølen Kraftlag seier det har vore ei krevjande natt på mange måtar.
— Me har arbeidd for full i heile natt og like over klokka 11.00 hadde dei fleste straumen tilbake att. Me fekk ein feil på begge hovudforbindingane våre til Vikebygd. Også frå Ølen til Ølenvåg forsvann straumen få ein del å på same tid i går kveld, men dette fekk me stabilisert om lag 07.30 i dag morgon, seier Vannes.
SØK hadde fire menn på arbeid i heile natt, frå morgonparten av måtte dei inn med fleire, og ni er i full sving med å få orden på nettet att i dag. Grunna veret har også arbeidet teke mykje lengre tid enn vanleg.
— Nå må me bera utstyret til fots i snøen, der me til vanleg køyrer. I tillegg er det ikkje brøytt alle stader, og me må venta for å komma oss fram. I natt brukte nokre av oss 2,5 timar frå Molnes til Leknestangen då fylkesvegen ikkje var brøytt. Framkommelegheita har ført til den lange ventetida, men folk har vore svært tålmodige, fortel Vannes.
I Etne har det derimot vore overraskande roleg, fortel vakthavande Ole Hvidsten.
— Me har hatt eitt par små brot, mellom anna var straumen borte halvanna time på Sævareid. Elles har det vore ei forbausande roleg natt, fortel Hvidsten.
Søndag føremiddag var det kome nærare ein meter snø, og framleis var det nedbør i lufta. Over Fikse var det i natt kolonnekøyring.
Uveret har skapt mange problem på vegane det siste døgnet, og verst har det truleg vore på E34 mellom Ølen og Etne. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har fått inn mange meldingar frå bilistar om dårlege køyreforhold på denne strekkja.
– Vegtrafikksentralen blei informert, og opplyste at tilgjengelig mannskap var i arbeid. Me hadde politipatrulje til staden kl 23.20 laurdag kveld, då meldingane blei fleire, og vegen blei sperra, opplyser operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Send dine eigne bilde av ekstremveret til redaksjon@grannar.no
Kolonnekøyring
Mellom Ølen og Etne var det seint laurdag kveld berre ein traktor som stod for brøytingen, melder politiet. Denne klarte ikkje å halda vegen open og fleire bilar blei ståande fast på vegstrekninga. Brøytebilane hadde nok å gjera andre stader, og det blei fleire timers venting på enkelte bilistar før dei kom seg over Fikse.
Det blei gjennomført kolonnekjøring fram til kl 04.20, då politipatruljen meldte at dei slutta av på staden, men det ville vore vanskelig for store kjøretøy å møtast ettersom det framleis var den eine traktoren som brøytet.
Også mange andre stader på indre Haugalandet blir det meldt om store trafikale problem på grunn av all snøen som lava ned. Fleire stader hamna tre over vegen på grunn av snømengda som kom i løpet av eitt døgn.
Kor mykje har det snøa hos deg? Tips Grannar om hendingar, snømengde og anna. Me tek gjerne imot bilder til nettalbumet også.
Sjå nettalbumet «Snø i Grannar-distriktet» med ulike vintermotiv her.