Tjuveri og pipebrann

Vindafjord lensmannskontor har fått melding at det er forsvunne ca 180 meter koparkabel frå ei […]

Vindafjord lensmannskontor har fått melding at det er forsvunne ca 180 meter koparkabel frå ei grøft ved Roafeltet i Ølen. Tjuveriet skjedde natt il måndag, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om ein pipebrann i ein bustad i Nedre Vats. Både brannvesen og politi rykte ut. Det skal ikkje vera skade på huset.