Web-tv frå studio

Ivar TeiglandIdeen fekk dei for halvtanna år sidan. Dei romslege lokala i det gamle trehuset […]

Ivar Teigland

Ideen fekk dei for halvtanna år sidan. Dei romslege lokala i det gamle trehuset frå 1927 der studioet held til, har òg blitt brukt til enkelte konsertar gjennom dei tre åra ABC Studio har eksistert i gamle Enge skule i Etne.
— Konsertar i seg sjølv er ein fin ting for å bruka studio til noko meir enn berre innspeling, men så fekk me ein idé om at me også ville filma desse konsertane og laga ein tv-produksjon ut av det, fortel dagleg leiar Stig Morten Sørheim (33) ved ABC Studio.

Positivt for bygda
Etter mykje planlegging har dei nå utvikla filmkonseptet ABClive til bruk på internettportalen http://www.sebyen.no. Eit haugesundsselskap som står bak portalen, får ansvar for sjølve videoproduksjonen, mens ABC Studio skaffar artistar og har regi på korleis web-tvprogrammet skal sjå ut.
— Konserten og musikken vil vera det sentrale i programmet. I tillegg ser me for oss ein intervjudel der sjåaren får sjans til å bli kjend med artistar i omgivnader dei ikkje er i til dagleg, forklarar Sørheim.
Han trur denne nysatsinga vil slå positivt ut for kulturlivet i bygda, og seier dei treng hjelp frå lokale krefter under produksjonen.
— Eg kjem til å invitera medielinja ved Etne vidaregåande skule til eit samarbeid, og vil nytta dei ressursane me har i lokalsamfunnet her, fortel 33-åringen.

Startar i januar
Han trur òg at prosjektet vil vera med på å setja Etne på kartet.
— Ting som ligg på nettet er i utgangspunktet tilgjengeleg for heile verda, og dette blir jo ei fin marknadsføring av bygda, seier Sørheim.
Studioteknikaren ser for seg at den varierte naturen i distriktet kan danna bakteppet for enkelte produksjonar.
— Dette er ting som sjølvsagt vil variera frå artist til artist, forklarar studiosjefen.
Allereie 29. januar startar dei med viserockaren Thom Hell, og planen er å produsera fire program fram til våren, og så fire nye program utover hausten 2010. Kvart program skal ha ei lengde på omlag 15 minutt, og kjem til å kosta rundt 30.000 kroner.
— Det er eit ambisiøst prosjekt, men me meiner likevel det er realistisk, kjem det frå Sørheim.

Eige plateselskap
Dei legg vekt på gjennomarbeidde produksjonar der ein tar seg god tid, og fokus er på liveopplevinga.
— Dette skal vera eit produkt som både artist og publikum kan ha stor glede av, og me håpar at me gjennom dette konseptet kan få til samarbeid med nye og lovande artistar, fortel 33-åringen.
Etter at dei åtte programma er ferdig produsert neste haust, vil dei vurdera om dei skal fortsetja med konseptet.
— Slike prosjekt opnar mange mulegheiter, og gir oss fleire bein å stå på. Det blir kjempekjekt å prøva, smiler lydteknikar Stig Morten Sørheim.
I tillegg til det nye livekonseptet har ABC Studio nå også etablert sitt eige plateselskap ABC Tunes.
— Nå kan me endeleg tilby ein full pakke til artistane og følgja heile prosessen frå innspeling til plata ligg ferdig ute i butikken, kjem det frå 33-åringen.