Både Stordalen og Skjold neste år

Av Jon Edvardsen Både Skjold og Stordalen er blinka ut med løyvingar i 2011 i […]

Av Jon Edvardsen

Både Skjold og Stordalen er blinka ut med løyvingar i 2011 i handlingsprogrammet til Statens vegvesen.

Millionane rullar også ut over E134 frå Drammen til Haugesund i Statens vegvesen sitt handlingsprogram for 2010 til 2013. Det er ei konkretisering av Nasjonal transportplan (NTP).

Ny E134 gjennom Skjold med to tunnelar, skal får 70 millionar kroner i 2011, 90 millionar i 2012 og 20 millionar kroner i 2013, samla 180 millionar kroner. Haugalandspakken bidrar med mest, med 120 millionar kroner.

Stordalstunnelen med ny tilkopling til Skånevik får 20 millionar i 2011, 150 millionar kroner i 2012 og 80 millionar i 2013. Strekninga har gammal reguleringsplan, og kostnaden på 250 millionar er difor litt usikker.

Finansieringa er avhengig av at både Etne og Stortinget godtar ny forlenging av bompengeperioden i Åkrafjorden. Bilistane skal betale meir i bompengar enn det staten går inn med av direkte løyvingar.

Ølen-Ølensvåg

– Eg er glad for at intensjonane i NTP og det som er sagt før, blir følgt opp. Den var eit taktskifte og eit løft for samferdsla i Noreg, seier ordførar Arne Bergsvåg i Vindafjord.

Han siktar til at NTP 2010-2019 fekk ein auke i rammene på om lag 40 prosent samanlikna med den forrige perioden.

I handlingsprogrammet får gang- og sykkelsti mellom Ølen og Ølensvåg til saman 17,7 millionar kroner for 2012 og 2013. Det betyr at det manglar 7 millionar som må inn etter 2013.

Nytt kryss i Ølen sentrum ved Rv 514 mot Sandeid får 5 millionar i 2011 og 3,2 millionar i 2012.

Håfoss bru på E134 i Etne skal utbetrast for 2,2 millionar kroner i 2011.

Felles plan

– Fleire store prosjekt er på plass i denne runden, men vi må slost for å få vår del av sekkepostane. Vi må også arbeide for nytt kryss i Ølensvåg og resten av gang- og sykkelstien langs E134 som manglar opp til avkøyringa til Frønsdal, seier Bergsvåg.

Han har store forhåpningar til ein felles kommunedelplan for Etne og Vindafjord som skal ta for seg traseen frå Knapphus til Stordalen.

– Vi får ingenting inn i Nasjonal transportplan før traseane er avklara, og den nye perioden startar i 2014. Eg trur både departementet og vegvesenet ser positivt på at lengre strekningar blir sett i samanheng. Det er dette vi kan bidra med lokalt i kampen om samferdslekroner, seier vindafjordordføraren.

Handlingsprogrammet har plassert Haukelitunnelane i perioden 2014-2019 med 1,75 milliardar kroner der staten skal bidra med 450 millionar.