Bøsseberarar for Haiti

Til saman 80 elevar frå heile Etne kommune tok beina og bøssene fatt til inntekt […]

Til saman 80 elevar frå heile Etne kommune tok beina og bøssene fatt til inntekt for dei jordskjelvramma på Haiti måndag ettermiddag. 69 elevar frå Etne og 11 elevar frå Skånevik mellom 5. og 10.klasse sette som mål å bæra bøssene i heile kommunen i løpet av tre timar.
Innsamlingsaksjonen var i regi av Etne Røde Kors, og responsen frå elevar som ville gå med bøsser var enorm, skryt nestleiar Lars Olav Bergsvåg.

— Nokre av bøssene har også stått utplasserte sidan 16. januar. Og med aksjonen der elevane deltok er det totalt samla inn nærare 77.000 kroner som skal gå til jordskjelvoffera. Me blei overraska over kor mange elevar og foreldre som melde seg til innsamling etter at dette blei lufta på skulen, seier Bergsvåg, som rosar dei mange engasjerte elevane.

Lærar ved Enge skule og Røde Kors-medlem Erlend Håheim skryt av elevar og foreldre som stilte så villig opp til aksjonen.
— Eg tok kontakt med elevrådet, og fekk kjempebra respons tilbake. Det var ingen problem å spørja dei om hjelp og innsats til aksjonen. Det var nesten for mange som melde seg til bøssebering og køyring, fortel han. 

Også etter tsunamien i søraust-Asia i 2004 sette raude krossen i stand same tiltak, og også då blei det vist stor vilje til å hjelpa.
— Med det store mediekjøret og fokuset som blir sett på desse katastrofane, er det nok viktig for mange unge å få lov til å vera med å hjelpa, trur Bergsvåg.