Bot etter basketak

Ein mann i slutten av 20-åra frå distriktet er av Haugaland Tingrett dømd til å […]

Ein mann i slutten av 20-åra frå distriktet er av Haugaland Tingrett dømd til å betala 10.000 kroner etter at han hamna i eit basketak med mor til dotter hans. Mannen tilsto hendinga der han og den fornærma kvinna hamna i krangel  ein laurdagskveld i vår.
 
Dei to var i Odda saman med dottera på 2,5 år. Det enda med krangel etter at dei ikkje blei samde om kor dei skulle gå vidare om kvelden etter eit restaurantbesøk. Kvinna gjekk til ein utestad saman med dottera, og då den sikta mannen kom dit utarta situasjonen seg. Kvinna hadde drukke og hadde vanskar med å føra barnevogna då dei gjekk frå staden. Deretter byrja krangelen om barnevogna. Mannen ville overta, medan kvinna kjempa imot, og det enda med at ho blei skuva og fall i bakken. Deretter blei kvinna hysterisk og gjekk laus på den sikta.  Kvinna slo til mannen heile tida på veg mot ein slektning som skulle overta barnepasset då kvinna ikkje var skikka til dette. Nok ein gong enda det med at mannen skuva til kvinna slik at ho fall i bakken. Då dei var komne fram tok slektningen seg av barnet og bad den sikta gå. Mannen blei likevel att på staden for å snakka med den fornærma kvinna, som på nytt byrja å slå han. Han mista fatninga, tok tak i halsen hennar og slo henne med flat hand to gonger i ansiktet.

Mannen blei idømt ei bot på 10.000 kroner. Retten understreka forståing overfor sinnet og fortvilinga hjå mannen, då kvinna var svært berusa saman med dottera. Likevel meiner retten situasjonen burde vore løyst på ein annan måte då det var eit lite barn i nærleiken.