Jon Edvardsen
Det har vore eit jamt sig av stemmer frå lesarane dei siste tre vekene, både via sms, e-post og svarkupongar.
Vatsbuen Jon Olav Velde fekk 28 prosent av dei fleire hundre stemmene som kom inn , og god nummer to vart Inger Kristine Matre frå Skånevik og med Liv Herborg Wold frå Ølen på tredjeplass. Det var seks kandidatar til årets namn i Grannar.
Overraska
For Velde var det overraskande å bli nominert, og endå meir uventa at han skulle få flest stemmer av alle.
— Dette hadde eg ikkje venta. Det var mange gode kandidatar som har gjort ein flott samfunnsmessig innsats og kunne fortent prisen. Eg får ta det som ei tillitserklæring, seier han.
— Det er kjekt, men det går ikkje til hovudet på meg, legg han til.
Velde er glad for at dugnad blir verdsett og lagt merke til fordi det er eit viktig samfunnsmessig bidrag.
Men dugnadsengasjementet var ikkje resultatet av at han måtte ha noko å henge fingrane i som pensjonist. Det frivillige arbeidet har han halde på med i alle år.
— Eg har alltid vore engasjert i lag og foreiningar. Eg har vore opptatt av å gjere ein samfunnsnyttig innsats.
Fleire frontar
Velde har 40 år bak seg i skuleverket, og var inspektør på Nedre Vats skule før han følgde med ungdomsskulen til Skjold i 2004, der han også var inspektør fram til han pensjonerte seg for halvanna år sidan.
Han saknar det sosiale med kollegaer og elevar, men set samstundes stor pris på å styre tida si sjølv.
Det var fleire som nominerte Velde, og grunngjevinga var det breie engasjementet han har vist på fleire frontar i Vats.
Basen er Øvre Vats med utsikt både til gang- og sykkelstien langs E134, og til fjella rundt der han har lagt ut 1.000 merkepinnar og 100 namneskilt. Han er med i den kommunale turstigruppa, og no er han i gang med å lage teksten informasjonstavler som skal opp i Vats.
Snart 20 år
Eldsjela er også leiar for grendeutvalet i Vats, som har fått litt ekstra på sakskartet etter at miljøstriden på Raunes blussa opp for alvor.
Den pensjonerte skulemannen er også leiar i pensjonistgreina til Utdanningsforbundet i Vindafjord. Han er også ein sentral medspelar i kulturveka i Vats.
— Eg hugsar vi starta med den første biten med gang- og sykkelsti frå bedehuset til Eikesdalsvegen tidleg på 1990-talet. Det var eit fast innslag fredag og laurdag. I dag er det gatelys vi arbeider med, fortel han.
Velde er ein av dei som set pris på snøen og går på ski nesten kvar dag. Det er friluftsmennesket som engasjerer seg for at det skal vere gode turløyperi nærmiljøet.
— Ein kan jo ikkje størkne heilt, det er viktig å røre på seg. Eg har alltid hatt gymnastikk på timeplanen i skulen, fortel vatsbuen.
Det handfaste provet på at han er årets namn i Grannar, er eit kunstverk med inskripsjon på ramma.