Laurdag morgon klokka 09.41 fekk politiet gjennom AMK-sentralen melding om at ein person skal ha gått gjennom isen i Etnefjorden ved Holmaseid, omlag 8 kilometer på fylkesvegen frå Etne sentrum mot Skånevik.
Naboar ved sjøen hadde vore vitne til hendinga, og varsla redningssentralen.
— Naboar hadde tatt seg ut til mannen med ein 12 fots båt på isen, og hadde fått mannen opp.Personen haldt på å gå under vatn fleire gonger då dei prøvde få han på land, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt, John Inge Særsten.
Ambulanse, politi, redningshelikopter og brannvesen rykka ut. Det var lenge uvisst om det var ein eller to personar som var gått gjennom, men politiet fekk bekrefta at det berre var ein etter at dei var komne til staden.
— Mannen hadde gått på isen frå den andre sida av fjorden. Då han gjekk gjennom isen var han om lag 20 meter frå land, fortel Særsten.
Mannen låg i sjøen i om lag 15 minuttar før han blei tatt opp, og var sterkt nedkjølt og ute av stand til å forklara om han var åleine til å byrja med. Sidan bekrefta han at det berre var han som hadde vore på isen. Mannen er nå frakta med ambulanse til Haugesund, og skal vera sterk og klar, seier Særsten.
Politiet oppmodar folk om å ikkje gå på sjøisen.