Færre oppklarte tjuveri

For ei veke sidan blei det meldt om grovt tjuveri frå ei verksemd i Skjold. […]

For ei veke sidan blei det meldt om grovt tjuveri frå ei verksemd i Skjold. Uvedkommande hadde tatt seg inn i ein mekanisk verkstad og stole verktøy til ein verdi på om lag 20.000 kroner. På same tid kom det melding om innbrot og grovt tjuveri frå ein garasje og løe i Ølensvåg. Også her var det stole ein del verktøy.

Vinningskriminaliteten har auka med fjorten saker i 2009 mot året før, men lensmann Ingvar Gjærde meiner auken i saksmengda kjem i samband med at det nå er mogleg å anmelda over nett.  Tjuveria i distriktet er mykje frå båt, bedrifter, motorkøyretøy og verkstader. Dekk og drivstoff er ein gjengangar. «Alt» som er laust og står langs vegane blir plukka med.

Gjærde meiner mørketala er store, mykje grunna låg oppklaringsprosent.
— Tendensen er at det er mange gjennomsreisande som står bak denne kriminaliteten. Difor er det vanskelegare å oppklara, og fleire tenkjer at det ikkje betyr noko om ein melder i frå eller ikkje. Me må likevel få beskjed om slike hendingar, oppmodar Gjærde.
I 2009 var oppklaringsprosenten 37 prosent i desse sakene. Tidlegare har talet lege rundt 50.

— Men sjølv om mange av tjuvane er gjennomreisande, ligg heller ikkje dei «lokale heltane» på latsida, seier Gjærde.