Kraftig auke i arbeidsløysa

Dei to kommunane har 55 fleire arbeidsledige enn ein månad tidlegare, og samla 146 ledige. […]

Dei to kommunane har 55 fleire arbeidsledige enn ein månad tidlegare, og samla 146 ledige.

Vindafjord  har 28 fleire arbeidslause ved utgangen av januar enn i desember. Tala frå NAV syner 84 ledige, 31 kvinner og 53 menn, i kommunen. Dette er likevel berre 1,9 prosent av arbeidsstyrken, og under nivået både i Rogaland fylke (2,8 prosent) og landet (3,3 prosent).

I Etne er det nå registrert 62 ledige, 43 menn og 19 kvinner, mot 37 i førre månad. Dette utgjer ei arbeidsløyse på 2,9 prosent.

For eitt år sidan hadde Etne 35 ledige, medan Vindafjord hadde 60.

Det siste året har arbeidsløysa i Noreg auka med 31 prosent. I Rogaland er det registrert 6.503 personar utan arbeid ved utgangen av januar. Det er ein auke på 1.415. Samstundes melder NAV Rogaland at det er meldt inn 2.674 nye stillingar, som også er ein auke.

NAV Hordaland opplyser om ein liknande trend. I løpet av eitt år har arbeidsløysa auka med 1.700 personar, og den utgjer nå tre prosent. Justert for sesongsvingingar er auken på hundre.