Kulda stengjer kyrkjer

Sokneprest Harald Grønnevik opplyser til Grannar at både Gjerde kyrkje og Stødle kyrkje er ramma […]

Sokneprest Harald Grønnevik opplyser til Grannar at både Gjerde kyrkje og Stødle kyrkje er ramma av frost og kulde. Dette har ført til at vatnet har frose, slik at toaletta ikkje kan nyttast.

– Det betyr at det ikkje kan haldast gudsteneste i desse to kyrkjene inntil vidare. Grindheim kyrkje vil i denne perioden bli nytta, og i første omgang gjeld det sundagens gudsteneste i Stødle, seier Grønnevik.

Soknepresten opplyser at gravferder vil bli forsøkt gjennomført i dei to kyrkjene.