Bjørn Berge er ein gjengangar ved festivalen i Skånevik, og blir også å finna på scenen denne sommaren. Det blir også Knut Reiersrud, som har spelt ved festivalen ein gong tidlegare.
Nye norske namn dette året er rockarane i Orbo and the Longshots, og soulartisten Noora Noor. Internasjonale storstjerner kjem også, utan at Blues-general Alf Warloe Christophersen vil avsløra kven.
— Me arbeider heile vegen med forskjellige namn, og eg vil ikkje gå ut med nokon nå. Men eg kan lova det er artistar i same klasse som Alice Cooper, Iggy Pop og Gary Moore, seier Christophersen til Grannar.
I år går Bluesfestivalen av stabelen for fjortande året på rad, frå 1. til 4.juli