Gardbrukaren kom i fjøset tysdag morgon for å ta det vanlege stellet rundt klokka sju, men ho forstod raskt at det var noko som var gale.
— Det første eg såg var blod, og eg tenkte kua var sjuk og hadde spydd blod. Då eg kom nærmare var det eit sjokk å finne ut at kua var død og hadde mange knivstikk i halsen. Ein tenkjer ikkje at slikt kan skje.
Ni knivstikk
Udåden har skjedd ein gong mellom kveldsstellet og morgonstellet i fjøset.
— Ho har ikkje hatt det godt, og kua har blødd i hel. Det er forferdeleg å tenkje på, kua var også drektig og venta kalv, seier gardbrukaren som hadde 15 mjølkekyr på bås.
Ho opplyser at Mattilsynet konstanterte at kua var påført ni knivstikk.
— Det var spor etter blod på utsida av fjøset der vedkomande hadde gjort rein kniven. Det var ikkje tvil om kva som hadde skjedd, fortel ho.
Gardbrukaren kontakta deretter politiet som tilkalla hundepatrulje frå Haugesund, og det vart raskt konstatert at det var fotspor som førte til eit hus i nabolaget. Klokka 12.00 pågreip politiet to personar i huset og tok dei inn til avhøyr.
Uklart motiv
Eigaren av huset i nabolaget vart sjekka ut av saka, medan gjesten, ein 32 år gammal mann frå bergenskanten, tilstod å ha tatt livet av kua. Men han gav ingen klare motiv for kudrapet.
— Eigaren av huset har ikkje vore på åstaden og vi reknar difor ikkje med at han har medverka. Vi har fått ei detaljert tilståing av gjerningsmannen, men vi har ikkje fått fram eit motiv. Det er ganske vagt, og det ønskjer eg ikkje å opplyse om. Så langt ser vi på det som toskeskap i fylla utan noko djupare motiv, seier fungerande lensmann i Vindafjord, Arild Austrheim.
Alvorleg sak
Han har difor ingen forklaring for kvifor gjesten har tatt seg ut aleine og valt ut dette fjøset i ein relativt lang gåavstand frå der han var i utgangspunktet.
— Det har vi ingen forklaring på. Personen er ikkje kjent for å ha gjort noko liknande tidlegare, seier Austrheim.
32-åringen frå bergenskanten vart slept fri etter at politiet vurderte at det ikkje var fare for gjentaking eller at bevis skulle gå til spille.
Austrheim har aldri opplevd noko liknande tidlegare og ser alvorleg på hendinga.
— Kua har hatt lidingar, og det er ikkje avliving utført av ein fagmann. I tillegg er det ei svært ubehagleg oppleving for gardbrukaren.