Ivar Teigland
Sidan det store snøfallet for ein månad sidan har det vore problem for renovatørane å komma til ved miljøstasjonane i distriktet. Både i Etne og Ølen har det denne veka tårna seg opp med både restavfall og papirboss rundt containerane på miljøstasjonane.
— I Etne skuldast rotet at det har vore for dårleg brøytt, men dette skal ordna seg i dag, opplyser Magnus T. Hauge som er leiar for informasjon og plan i Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM).
Han seier at desse containerane blir tømde regelmessig, men all snøen gjorde at ein ikkje fekk det til før jul, og det har derfor hopa seg opp ekstra store mengder med avfall.
Havarert papirbil
I tillegg har enkelte av renovatørane vore sjuke, og det har ført til at tømminga har tatt lengre tid enn vanleg.
I Ølen er det skikkeleg brøytt, men containerane har likevel blitt stappfulle og bosset flote utanfor containerane også her denne veka.
— Renovatørane fekk problem med ein papirinnsamlingsbil som havarerte, men dei jobbar nå på spreng med å få rydda opp på miljøstasjonen, seier Hauge.
HIM meiner dei har kontroll på situasjonen nå, men fortel at det har vore ekstraordinære tilstander den siste tida på grunn av snøen.
— Våre folk har eigentleg ikkje kapasitet til å rydda opp boss som ligg utanfor containerane. I det siste har dei likevel vore nøydde til det, og då kjem ein på etterskot med arbeidet, kjem det frå leiaren for informasjon og plan i HIM.
Magnus T. Hauge minner om at kvar husstand nå har fått utlevert papirdunk, og trur dette vil føra til mindre papirboss på miljøstasjonane i tida framover.