Friluftsrådet har eit etablert samarbeid med Vindafjord IL om preparering av løypene innover frå Fjellstøl, og innkjøpet av ein slik løypemaskin er eit viktig bidrag for å betra kvaliteten på skiløypene i dette populære utfartsområdet.
Snøscooteren vil framleis bli brukt i dei vanskelegaste traseane slik at publikum skal få best mulig skispor.
Lysløypa og varmestova på Helgeland er også eit flott tilbod for dei som vil ha ein fin skitur på dag eller kveldstid.
– Snøvinteren i år har vist at det er stor interesse for bruk av dette flotte terrenget som Opheim/Helgeland – Olalitraktene er til skiturar.
Løypeinfo blir oppdatert på våre nettsider jamleg, seier dagleg leiar Oddvin Øversnes i Friluftsrådet Vest.