Planlegg utbygging i Imsland

Marine Harvest vurderer utbygging av Imsland Smolt AS. Det er søkt om konsesjon for å […]

Marine Harvest vurderer utbygging av Imsland Smolt AS. Det er søkt om konsesjon for å produsera fem millionar settefisk.
— Også dette er ein av lokalitetane som blei etablert på midten av 80-talet, og som me nå vurderer å gjera noko med. Per i dag er det eit kveiteanlegg her, men me har søkt om konsesjon på settefiskanlegg for laks, seier Ørjan Tveiten.

I september 2009 søkte Marine Harvest om konsesjon for å produsera fem millionar settefisk på lokaliteten i Imsland. Dette anlegget har vore på blokka lenge for utbygging, men førebels er det ingen konkrete planar for kva tid dette kan skje.
— Anlegget ligg i planane våre og har gjort det lenge, men per i dag er det ikkje noko fastsett tidspunkt for utviding, seier Tveiten.

Med utbygging for produksjon av fem millionar smolt vil prosjektet få ein prislapp på om lag hundre millionar kroner. Ei større etablering ved Imsland Smolt AS vil også basera verksemda på eit samarbeid med Fjellkraft AS, som står bak Imsland kraftverk, for å bruka vatn derifrå til smoltanlegget.