Åse Hjelmervik
Kari Aakra
Redningsmennene Sigve og Svein Jarle Rafdal kasta seg i båten ut mot mannen som dei såg hadde gått gjennom isen på Etnefjorden ved Holmaseid laurdag morgon. Saman med Tom Stian Rafdal som sto på land redda dei livet til mannen etter ein dramatisk aksjon.
— Eg kom frå Skånevik då eg såg to svarte prikkar på isen, men reagerte ikkje noko særleg. Då eg parkerte ved huset mitt, høyrde eg skrik og skjøna det var folk som hadde gått gjennom isen, fortel Svein Jarle Rafdal.
Ein 59 år gamal mann frå Etne hadde kryssa fjorden med ein firhjuling og var nær land då han gjekk gjennom isen. Svein Jarle reagerte lynraskt, og varsla dei andre i huset som om kva som hadde skjedd, før han tok til beins ned mot sjøen. Han forsøkte først å kasta eitt tau ut til mannen.
— Eg vil tru det var omlag tretti meter ut til mannen, difor strekte ikkje tauet til, og eg forsøkte å åla meg ut, men isen byrja siga, så eg måtte berre gi opp, seier Svein Jarle, som fortel at 59-åringen heile vegen ropa «Nå fêr eg, redd meg!»
Deretter kom fleire til, blant dei var faren Sigve. Dei fekk ut ein båt, men dei kunne ikkje ro båten ut grunna isen. Det var ein vanskeleg situasjon og hardt å komma seg ut. Heile vegen forsøkte dei kasta tau til mannen som kjempa for livet i sjøen.
— Me måtte knekka isen føre oss ut mot han. Me var slitne, men måtte sjølvsagt berre køyra på det me klarte, fortel dei.
Sigve ramla sjølv ut av båten då dei prøvde å dra opp mannen, men klarte raskt å komma seg opp i båten att. Dei to klarte etter ei stund å dra 59-åringen til lands. Tom Stian sto på land og drog båten inn med tau, medan dei to andre fekk med seg mannen.
— Mannen var i sjokk heile vegen. Me tok han inn i hytta og byrja ta av han kleda. Like etter kom ambulansen som tok over, fortel dei tre.
Det skal stå bra til med 59-åringen som blei frakta til Haugesund sjukehus etter ulukka. Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt, John Inge Særsten skryt av redningsmennen og seier dei gjorde ein svært god jobb under vanskelege forhold.
Dei tre mennene seier det også var ein god del flaks som førte til at dei fekk hala mannen på land.
— Frå eg såg han til me fekk han på land gjekk det omlag tjue minuttar, trur eg. Det var berre tilfeldig at båten låg så tilgjengeleg der han gjorde. Han pleier aldri liggja der, fortel Svein Jarle.
Dei tre naboane ved fjorden på Holmaseid vart overraska då dei dagen etterpå såg at det var folk på veg til staden på isen der mannen laurdag hadde gått gjennom.
— Me ropte ut til personen at han måtte komma seg vekk derifrå. Det er jo galskap. Me sto nærast klare til å ringja 113 nok ein gong, seier dei tre mennene som redda livet til 59-åringen.