På kunstgrasbanen i Ølen er tre og fire snøfresarar i sving i slengen, og har jobben med å fjerne det kvite teppet etter det historiske snøfallet i desember. Og det er ikkje få kubikk som må vekk frå fotballbanene i distriktet før idrettslaga kan blåse klar til trening.
— Det har blåse til fenner enkelte stader, men eg vil tru det jamt over er 40-50 centimeter med snø på banen. Du må vere tolmodig og fleire om å dele på jobben, seier Svein Ove Stople i dugnadsgjengen.
Med seg i dugnadstrioen hadde han Sveinung Arnestad og Leif Gunnar Gundersen.
Snøen må kastast i tre-fire omgangar for å få den heilt ut av banen, og leiaren av fotballgruppa i Ølen idrettslag, Arnfinn Øverland, reknar med at heile banen blir ferdig rydda til neste helg.
— Det er mange som har lyst til å starte med treningane, så det er berre å stå på. Det gjeld å få fordelt arbeidet på fleire slik at det ikkje er dei same som må arbeide heile tida, seier Øverland.
Han er glad for at dei får låne snøfresarar av Fatland Ølen AS og ein privatperson som har stilt opp. Fotballeiaren meiner årets snøfall er ekstraordinær, og at dei ikkje kan kjøpe inn utstyr til å takle så store snømengde.
— I fjor klarte vi oss med skuffer. Vi torer ikkje bruke traktor eller tyngre utstyr fordi vi er redde for å skade banen, seier Øverland.
Dei klarer å blåse snøen ut av banen, og han trur det blir mindre problem med overflatevatn langs kantane enn i fjor.
Jamt over 40-50 centimeter med snø må vekk, konstaterer Svein Ove Stople.