Arbeidsuhell på Westcon

  Politiet fekk i ettermiddag melding om ei arbeidsulukke ved West Contractors i Ølensvåg. Ein […]

Politiet fekk i ettermiddag melding om ei arbeidsulukke ved West Contractors i Ølensvåg. Ein mann blei treft i armen og handleddet av eit verktøy som blei brukt til mothald, hadde lausna. Uhellet fann stad i ei dokk.

Mannen blei tatt med til legevakt for sjekk, men det skal ikkje vera snakk om alvorleg personskade.

— Politiet kjenner ikkje årsaka til uhellet, og ventar med åstadundersøking inntil vidare, seier operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt, Trond Olav Friberg.