Søndag klokka 12.15 blei det meldt om bilbrann på Vatndal på riksveg 48 mellom Skånevik og Etne.
Ingen personar kom til skade, men bilen blei utbrent.
Bilen kom i brann under kjøring, og det er usikkert kva som utløyste brannen. Politiet ser det som mest sannsynleg at det har vore ein teknisk feil med bilen.
Dette er tredje gongen at det er bilbrann på denne staden i løpet av dei siste åra.