Kl. 02.25 natt til laurdag stansa politiet ein bil i Ølen sentrum for kontroll på grunn av at bilen kjørte vinglete. Førar hadde skadar i ansiktet og hevda at han hadde vore involvert i eit slagsmål i Røldal. Han fortalte vidare at han deretter hadde tatt bilen for å komma seg bort frå staden.
Den 23 år gamle føraren frå Stavanger såg ut til å vera alkoholpåverka, og blei tatt med til legevakt for sjekk av skadar og blodprøvetaking.
Skadane i ansiktet var av ein slik art at dei blei vidarebehandla ved sjukehuset i Haugesund.
Forholdet blir meldt, og både promillekjøringa og lekamsfornærminga blir følgt opp av politiet.