Forfrosen i Ølen

Kari Aakra I dag morgon fekk politiet melding om at det låg ein mann «strekk […]

Kari Aakra

I dag morgon fekk politiet melding om at det låg ein mann «strekk ut» ved båthamna i Ølen. Meldaren hadde ikkje fått kontakt med vedkommande.

Både politi og ambulanse rykka ut til staden, og mannen var då komen til medvit. Mannen var svært nedkjølt, og blei tatt med til sjukehuset i Haugesund for sjekk.

— Det er førebels ingenting som tyder på at han er utsett for noko straffbart, opplyser operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt.

 Mannen som var i 20-åra, er busett i Etne.