Høgt trykk av lakselus i dei norske fjordane haldt fram i 2009. Overvakingsrapportar frå Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) og Rådgivende Biologer viser at tilstanden er god i oppdrettsfrie område på sørkysten av Rogaland og i Finnmark.
— Tiltak sett i verk i dei store nasjonale laksefjordane har dels god effekt inne i fjordane, medan laksesmolten får betydeleg smitte i ytre strøk. Små nasjonale laksefjordar som Etne i Hardangerfjorden viser derimot liten eller avgrensa effekt, heiter det i ei pressemelding frå Mattilsynet.
Lusebelastninga for villvisken held fram å vera større i Hardangerfjorden enn i andre område. Undersøkingar gjort av Havforskinstituttet viser derimot at det var lågare lusenivå på utvandrande laksesmolt i Hardangerfjorden i 2009 enn i 2008. Men medan tilstanden for sjøaure var betre dei fleste stader i fjor, var Hardangerfjorden her eit negativt unntak.
Tre av regionkontora hjå Mattilsynet arbeider nå med forslag til soneforskrifter der luseproblema er størst. Det vil gjelda mellom anna Hardangerfjorden og Ryfylkebassenget i Rogaland.
— I sonane kan det bli endra drift, koordinert lusearbeid og periodevis brakklegging, for å få lusenivået ned. Nokre av tiltaka byrjar allereie i haust, seier assisterande tilsynsdirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland.
Større utfordringar kan komma. Fjetland seier lusenivåa må lengre ned, også dei stadene det allereie har minka. Når oppdrettsanlegga skal gjennomføra våravlusing før smoltutvandringsperioden, kan det bli eit problem med nedsett resistens hjå lusa for lusemidla.
— Det er avgjerande at næringa brukar lusemidla riktig og at dei koordinerer lusearbeidet. Me vil følgja opp anlegga slik at krava blir etterlevd, og vil bruka opptrappande verkemiddel overfor anlegg som har mer lus enn tillete, om naudsynt med krav om utslakting eller destruksjon av fisk, avsluttar Fjetland.