Godt år for bankane

Haugesund Sparebanks driftsresultat etter tap for 2009 blei på 70,2 millionar, som 1,3 millionar kroner […]

Haugesund Sparebanks driftsresultat etter tap for 2009 blei på 70,2 millionar, som 1,3 millionar kroner betre enn året før.  Etter skatt var resultatet på 49,2 millionar.  Årsrekneskapen i 2009 for Etne Sparebank viser eit resultat før skatt på 10,8 millionar kroner. Dette er ein auke på 4,2 millionar frå 2008. Resultatet etter skatt enda på 8,9 millionar (2,8 året før).

For Haugesund Sparebank bidrar det gode resultatet til ein framleis sterk eigenkapital og soliditet.  Kapitaldekningsprosenten i banken er på 18,28 prosent. Styret i banken med kontor i Haugesund, Bømlo, Tysvær og Vindafjord, meinar det gode resultat og utvikling sterkt medverkar til å oppretthalda bankens forretningsidé om å vera ein kundeorientert, attraktiv og sjølvstendig sparebank med lokal forankring til beste for kundane og lokalsamfunnet.

Haugesund Sparebank er i dag ein betydelig aktør i den lokale finansmarknaden med ein forvaltningskapital på 6,4 milliardar. I fjor blei samarbeidet med dei seks andre sjølvstendige sparebankane innanfor
Banken fekk i fjor 2.150 nye kundar og har nå 27.750 kundar.  De gode resultata gjer at banken vil framstå som ein stor bidragsytar til lokale lag og foreiningar innan  idrett, kultur og humanitære ideelle organisasjonar.  I 2009 betalte banken ut over 6 millionar i sponsorstøtte og det blei avsett 3 millionar til gåvefond for allmennyttige føremål.

Banksjef i Etne Sparebank Rune Ramsvik seier finansåret 2009 ikkje råka banken merknadsverdig, og er nøgd med eit godt resultat.
— Me opprettheld den sterke posisjonen vår som den føretrekte lokalbanken i bygda. Det gode resultatet i 2009 kjem av dyktige og motiverte tilsette som har gjort ein framifrå jobb dette året, seier Ramsvik.

Det turbulente finansåret i fjor har ikkje råka banken særleg, sjølv om det nå blir tatt høgde for noko tap framover.
— Rentemarginen har gått noko ned som følgje av utviklinga i marknaden og auka finansieringskostnadar. Positiv utvikling i finansmarknaden medførte at avkastninga på dei finansielle investeringane hjå banken auka markant, skriv sparebanken i ei pressemelding.

Utlånsveksten var på 7,95 prosent i fjor, mot 13,1 prosent i 2008. Innskotsveksten låg på 12,31 prosent i 2009, samanlikna med 21,8 prosent året før. Tapsavsetningar på utlån og garantiar hamna på 3,2 millionar mot 1,7 millionar i 2008.
I samband med jubileumsåret 2010 har Etne Sparebank sett av eit gåvefond på til saman 1,23 millionar, og fondet endar med det på 3,5 millionar kroner. Når 150-åringen feirar jubileum, er dette  allereie markert noko, mellom anna med ei gåve på ein million kroner til Skakke-senteret, og 200.000 kroner til Olav Vik-stiftinga sitt 100-års jubileum.