Klar for vinter-OL

Ivar Teigland Han har vore sportsinteressert gjennom heile livet, men det var ikkje før i […]

Ivar Teigland

Han har vore sportsinteressert gjennom heile livet, men det var ikkje før i midten av femtiåra at sandeidbuen Magne Økland begynte å reisa på internasjonale sportsarrangement.
— Gjennom jobben som produksjonsrådgivar i Tine er eg på felles møte med andre som jobbar i Tine i Rogaland, og det var på Jæren det heile begynte i 2005. Enkelte av kollegaene planla tur til verdscupen i skiskyting, og eg blei med, fortel Økland.

Betre enn tv
Sidan har det blitt turar med jamne mellomrom til ulike skiskytingsarrangement. Berre for tre veker sidan var dei ein gjeng på 50 personar i Anterselva i Nord-Italia og følgde dei norske skiskyttarane.
Sjølv om statskanalen byr på ei svært fyldig tv-dekning av vinter-OL i Vancouver som startar i morgon, nøyer ikkje Magne Økland seg med å sitja framfor tv-skjermen. Saman med 21 arbeidskollegaer reiser 59-åringen i morgon til Canada for å få med seg den første veka av vinterleikane.
— Dette blir første gongen eg er tilskodar på eit OL, og eg gler meg som ein liten unge etter å reisa, kjem det frå sandeidbuen.

Tettpakka program
Han fortel at det er ei spesiell oppleving å vera til stades på slike arrangement.
— Ein kan vel eigentleg ikkje heilt forklara korleis det er før ein har vore der, seier Økland.
Det er eit tettpakka program for veka i Vancouver. Laurdag blir det 5.000 meter skøyter før det fortset med skiskytingssprint for menn neste dag. Så går veka med til langrenn og skiskyting både for menn og kvinner, før opphaldet blir avslutta med Super G for menn neste fredag.
— Eg er veldig glad i skiskyting, så det blir nok det mest spennande. Men sprinten i langrenn for damer neste onsdag blir nok òg ei stor oppleving, trur 59-åringen.

Dyr tur
Stafettane er det einaste som manglar under OL-opphaldet, men desse går i den siste av dei to vekene vinterleikane varer, og då er gjengen tilbake i Noreg.
— Dette er ei mykje lengre reise enn andre arrangement som me har vore på i Europa. Det ville nok ha blitt altfor dyrt å vera der under heile OL, men me har ein kollega som ordnar alt som trengs til turen, og då blir det uansett langt billigare enn viss me skulle ha gått via reisebyrå. fortel Økland, som fredag tar sin første tur over Atlanteren.
Før han begynte å farta saman med kollegaene i Tine, reiste han ikkje så mykje utanlands på sportsstemne, men dei siste åra har det blitt årlege turar.
— Eg er nok ein av dei eldste i gjengen, men viss ein ikkje har reist noko særleg før ein blir pensjonist, begynner ein sjeldan å reisa så mykje sjølv om ein har tid til det som pensjonist, meiner 59-åringen.

God stemning
Han angrar nå på at han ikkje reiste til OL på Lillehammer i 1994, men har fått tatt det igjen dei siste åra med turar til Anterselva, Östersund, Oberhof og Rupholding.
— Det er veldig sosialt på slike internasjonale sportsarrangement, og veldig god stemning i dei norske telta med musikk og underhaldning. Som regel møter me opp eit par timar før konkurransen startar for å få med oss litt av stemninga før alvoret tar til, fortel Økland.
Nordmenn er glade i vintersport, og det pleier å vera mange tilskodarar frå heimlandet til stades på dei internasjonale stemna. Sjølv er 59-åringen den einaste frå Grannar-distriktet som nå tar turen til vinter-OL i dette laget. Reisefølgjet hans er alle kollegaer frå Jæren.

Norsk stil
— Eg høyrte på radioen denne veka at det allereie er folk frå Rogaland på plass i Vancouver, så det lovar godt, smiler den sportsinteresserte sandeidbuen.
Alt er nå klappa og klart til avreise, og han stiller i kjent norsk stil med flagg og bjøller, og er i tillegg kledd i den typiske norske bergansjakka og hue som er merka med «Tine».
— Tidlegare stod eg i Tine sin termodress, men det blei rett og slett for varmt, flirer Økland.
Etter OL blir det ei stund til neste arrangement, men han trur nok at det blir ein ny tur når verdscupen i skiskyting startar opp neste vinter.