Når Stortingets Transport- og kommunikasjonskomité legg ut på turne i Hordaland 22. – 24. februar, tar dei berre eitt kort opphald i Etne. Komiteen startar rundturen på Stord 22. februar, reiser vidare til Bergen og deretter til Voss.
Frå Voss går turen til Ullensvang onsdag 24. februar, og frå Odda kjem dei til Etne på ettermiddagen, der det blir ein halvtimes opphald, frå klokka 15.40 til 16.15.
Der blir det orientering om Stordalstunnelen på Åkrafjordtunet ved ordførar Sigve Sørheim, før komiteen køyrer E134 gjennom Etne mot Haugesund lufthamn.
— Ein halv time er for lite, og eg er ikkje så nøgd med det. Eg ville trudd dei hadde brukt meir tid i Åkrafjorden. Programmet må me ta litt etterkvart, det kan bli orientering i bussen frå Åkrafjordtunet og gjennom Etne også, seier Sørheim.
Blant politikarane i komiteen som kjem er leiar Knut Arild Hareide (Krf) og Øyvind Halleraker (H) frå Bømlo, Magne Rommetveit (Ap) frå Stord, og Hallgeir Langeland (SV) frå Strand.