Mellom 8. og 11.juli blir det nok ein gong eit tettpakka program av folkekjære artistar under Vikedal Rootsfestival 2010.
Nokre av banda og artistane som festivalsjef Kurt Inge Nybru nå går ut med er:
JETHRO TULL
MINOR MAJORITY
JONAS FJELD
MHOOLADY MOSCOW
FORD REKORD
Årets rootsfestival går av stabelen åttande til ellevte juli. Legendariske Jethro Tull spelar laurdag tiande juli.
Arrangøren seier dette om Jethro Tull:
– Namnet seier det meste om denne artisten. Jethro Tull har halde det gåande i meir enn 40 år, heile tida med frontfigur Ian Anderson. Jethro Tull har seld meir enn 60 millionar album i verda, og spelt over 2.000 konsertar i meir enn 40 land. Det er mykje for ein artist som gjestar Vikedal.
Konserten dei gjer i Vikedal vil bli deira einaste konsert på Vestlandet i år.
Jethro Tull vil bli ei minnerik oppleving for den atmosfæren me får i hovudteltet. Me veit det er mange Jethro-fans der ute som har fylgd bandet i titals år. Dei skal, blant resten av publikummet, få sin livs beste Jethro Tull konsert,
Konserten blir minst halvannan time lang, og me får utdrag frå det beste av deira musikkhistorie, lover arrangøren.
Meir på gang
– Me har mange gode artistar igjen som snart skal kontraktfestast, og me lover ar det blir ein festival som er minst på høgde med tidlegare år, utaler festivalsjef Nybru i ei pressemelding.
Grannar kjem attende med meir om årets rootsfestival i Vikdal.