— Me satsar på noko norsk, og lagar festivalhelg ei lita stund etter bluesen. Ein festival er ikkje nok, musikk må me jo ha heile året, seier Christophersen.
Første artistnamn til den nye, og førebels udøypte festivalen er Vamp. Dei skal spela i Skånevik 23.juli, truleg blir konserten på ei utescene ved House of Blues.
— Det blir to dagar med norske artistar denne helga, og ikkje noko blues, forsikrar Christophersen, som enno ikkje har andre artistnamn på plass, men likevel har ønskelista klar.
Han lovar at det uansett blir nok ei musikalsk helg i Skånevik, tre veker etter Bluesen.
— Eg håpar kanskje me kunne fått Susanne Sundfør, men me får sjå kva me får til. Musikk og band blir det i alle fall to kveldar etter einannan, lovar han.