Røykutvikling på Fatland

Tidleg i dag morgon fekk politiet melding om røykutvikling  ved Fatland Ølen AS. Då politiet […]

Tidleg i dag morgon fekk politiet melding om røykutvikling  ved Fatland Ølen AS.

Då politiet kom til staden var det ikkje flammer, men sterk røyklukt. Røykdukkarar blei sende inn for å sjekka kor røyken kom i frå. Klokka 06.00 blir det klart at det har brunne i ein traktor i 1.etage.

— Brannen hadde slukka av seg sjølv, det var lite brannskade på traktoren og ingen skade på bygget. Etter utlufting vil produksjonen går som normalt, opplyser operasjonsleiar John Inge Særsten ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt.

Politiet vil ha ei åstadundersøking på staden seinare i dag.